Du er her

NC på treningsleir i Danmark

Tore Haslemos bilde

Familien Flint på treningsleir i Danmark
-guf, guff og gul sol

I staden for å bruka påskeferien på Mallorca, reiste NC i staden til Danmark med eit mål: Fart i kroppen. Me skulle samla mange mil første veka, og måla krefter med det danske A-feltet i påskehelga. Danmark har mange kontinentallag, og på startlista fann me alle desse samt andre skandinaviske og tyske lag. Med andre ord perfekt oppkøyring for sesongen, men dårlege nyheter for norske bein utan sykkelskille. 

Honda

Familiebilen fra Anton Sport / Sport1(Foto: Tore Haslemo)

Fredag før påske pakka ”familien NC” Anton-Hondaen stappfull med syklar og utstyr, og trilla inn på Dansebåten til Fredrikshavn. Me brukte kvelden på å få lagt sesongplanar, og kosa oss med å diskutera kvalitet på styretape og teknologien på farga gir- og bremsestrømper. Trygt i land på kontinentet køyrde me rett til det beste Danmark har å tilby på sykkelbutikkfronten, og fekk tak i både fargekoordinert styretape og vaierstrømper. Steffen hadde alt vore i moderlandet ei veke, og var installert i feriehuset då me kom fram.

Steffen ventar på at familien skal bli klar for tur (Foto: T. Haslemo)

Steffen har vakse opp i Oksbøl, og er lommekjend på småvegane rundt åkrar og småstader sørvest i Danmark. Me var på førehand usikre på forholda, og pakka med oss utstyr og psyke for å tola vind, regn og kulde. I staden blei det utover veka meir kort-kort enn tjukke hanskar og lue under hjelmen. Me hadde kjempeflotte turar i sola med innlagte bakeristopp, og slappe ettermiddagar utanfor feriehuset vårt ved kysten. Mange av turane gjekk heilt ute ved Atlanteren, utan anna enn sandbankar som le mot vinden. I følge Steffen var det nesten vindstilt denne veka, men alt etter himmelretninga varierte komfortfarten på langtur frå 25 til 45 km/t. Området har mange vindmølleparkar, og når ein veit at det er kriterium med vindstyrke på minimum 10m/s gjennom året for å setja opp desse, forstår ein at danske syklistar har måtte læra seg eit og anna om viftekøyring. Eit anna problem er sylskarp flintstein som borar seg inn i dekka og medfører punkteringsfare. Frode fekk kutta opp 3 pariserdekk, men var like blid (sjå ill.).

F. Dalen von Flintstein (Foto: U.Tandberg)

Ut over i veka fekk me lagt inn tur til Odense (med ein svipp innom eit par sykkelbutikkar), kjøpt oss is med guf (søtt kokosbolleskum som tilbehør på isen), ete bøf, enkelte fekk gjennomført årets første bad, og me pøste på med tempoøkter og langturar.

Vaffel, 4 kuugle, guf, lille sprut syltetøy og flødeskum på toppen! (Foto: T.Haslemo)

Badeand og pysegutar. (Leif måtte vel berre ta ei ekstra økt for å kvitta seg med den isen). Foto: U.Tandberg

Fellesstart i Oksbøl

Utan temposyklar droppa me tempoen på fredag, men stilte klare til start på laurdagens fellesstart på 157 km. Danskane har jo ikkje bakkar å by på, så for å laga litt action hadde dei lagt inn eit grusparti på 1370 meter, som skulle passerast 10 gonger. Me hadde blitt advart mot dette gruspartiet, men då me rekognoserte i bil dagen før såg det ikkje så aller verst ut, og arrangøren hadde valsa partiet fleire gonger dei siste dagane før rittet. Feltet la ut i god fart på første runden, og etter ca 12 km svinga det hundre mann store feltet brått inn på gruspartiet. Enkelte var tydelegvis ikkje like informert som oss, då det på grautete nervøst dansk kom: ”Å fanden, gruuus!” Ikkje før hadde dansken lukka munnen smalt det i dekk og slangar. I løpet av første passering var det sikkert 10-15 punkteringar. Den valsa grusen var alt brukt av ein del andre felt, og var blitt oppkøyrd til eit sodoma av stor og kvass stein. Sporvalet var heilt avgjerande for om ein klarte å halda oppe farten eller flaut rundt i sand og flintstein. Teten sette så høg fart som mogleg for å rista av dei som punkterte eller slapp feltet. Alle utom Steffen hadde punktert i løpet av dei første 5 rundane, og med nøytral service var det ikkje så lett å køyra seg opp til feltet igjen. Leif fekk aldri service etter punktering på tredje runde, Frode, Tore og Knut hekta seg på følgebilar som pesa eigne ryttarar opp til feltet, men i 60-70 km/t er alt meir enn 20 cm frå støtfangaren dødens posisjon(!), og turen opp blir alt anna enn komfortabel. Etter ca 100 km måtte både Tore og Steffen sleppa hovudfeltet, og i langesona stod no heile laget noko fortumla etter like over to kaotiske timar. Skadene på dekka var overraskande store, fleire dekk hadde store flenger tvers gjennom heile rullebanen og slangen.

 

Smånervøst i depotet før start (Foto: U.Tandberg)

NC Rye i startfeltet, Frode lurer på om det kjem til å gå i ein brennevinsfart under dagens ritt.
(Foto: U.Tandberg)

På dei siste rundane var det også velt på grusen og godt over halvparten av feltet kom seg aldri til mål. Etter foreløpig resultatliste var det ingen norske framme i feltet.

  • Fartssjokk: check.
  • Veldig moro: check.
  • Eit halvt snes flerra dekk: check 

Tore tar seg ein Pez bak Hondaen (Foto: L. Stødle)

Fellesstart i Varde:
Søndag stilte me klare med nye dekk til fem rundar a 25 km, utan grus, men med mange svingar og ope terreng. Feltet banka ut på første runde med stadige brudd og høg fart. Nittigraderskryss på småvegar er utfordrande, feltet må bremsa heilt ned, og strekk seg ut etter svingen. Med vekslande side-, med- og motvind blir det veldig krevande berre å henga med. Etter kvar sving blir feltet ein einaste lang strek bak dei som ligg i front. Med sidevind blir det nesten ingen vits å legga seg på hjul, og GPSen viste opp mot 60 km/t i medvinden. Eit timannsbrudd kom av gårde på 3. runde, utan at farten i feltet gjekk ned av den grunn. På fjerde og femte runde sprakk feltet stadig meir opp, og rundt 40 ryttarar kom seg inn med det som var igjen av feltet. Steffen var einaste Rye-rytter som fullførte med A-feltet.

BOC klare til start i Oksbøl (Foto: U.Tandberg)

  • Kort-kort: check
  • Brennevinsfart: check
  • Nordavind frå alle kantar: check
  • Køyrekåte continentallag: check

Det er berre lagt ut resultater for dei ti og tjue besta frå ritta i helga. Ingen norske blant dei 10 beste laurdag, Lars-Ove Thoresen (Trek Adecco) var einaste nordmann med topp 20-plassering søndag. Forutan Rye og Trek Adecco stilte BOC, Lillehammer og KCK lag til start.

Familien Rye NC stiller klare for Kalascupopning om 14 dagar - med enno litt meir fart i kroppen enn i helga.

Relaterte artikler: 
Gruppe: 
Synlig: 
Offentlig - alle kan lese