|
Rye NC starta sesongen for fullt denne helga, med tempo, gateritt og fellesstart i Sør-Rogaland. Rundt nitti ryttarar var påmeldt, og Sparebanken Vest stilte til dømes fullt lag. Sjølv om Rye-gjengen hadde lite erfaring, skulle det visa seg at respekten for norgeseliten også var liten... |
|
|
Fem herreryttarar, dei fleste utan NC erfaring, lasta opp nypussa tempohjelmar, karbonhjul og nybarberte legger i bilen fredag ettermiddag. Gunn, Monica og Susann, hadde reist tidlegare på dagen for å få med seg lagledarmøte. Me delte hytte med jentene, heilt nede i vasskanten utanfor Sandnes. Laurdag morgon vakna me til idylliske tilstandar med sol, knallgrøne bakkar og fisk som braut vassflata. Her kunne me rota, mekka og gå rundt i HardRocx-hårbånd så mykje me berre orka. Forholda låg til rette for mykje god sykling. |
|
Tempo |
Første disiplin laurdag var tempo, i ei ganske tøff løype på 28 km. Jæren viste seg å ikkje vera like flatt som venta, og traseen steig jamt oppover mot ca 15 km. Gunn og Monica hadde alt sikra Rye første og andreplass før gutane kom til start, med sterke tider rundt 42 minutt. Andreas var først ut på startrampen. Han var plaga med smerter i rygg og lår etter Mallorca, men vart heldigvis klar til Jæren. For hard opning øydela litt for Andreas men han plasserte seg på øvre halvdel av resultatlista med tida 40.07. Tore gjekk òg hardt ut, og klarte ikkje å halda oppe farten på midtpartiet (med 39.38 nummer 32. totalt). Askild og Stein Are stilte på fellesstartsyklar, men kom begge inn under 41 minutt. Ole Jørgen plasserte seg topp ti i NC-tempo på slutten av førre sesong, og ville gjerne følgje opp dette. Dessverre var dette dagen (og helga) for uhell for Ole Jørgen. Ut frå startrampa knakk han styrestemmet og klarte så vidt å halda seg på hjula. Han fekk starta på nytt etter å ha bytta stem, men måtte undervegs av sykkelen to gonger for å fiksa kjede som kilte seg. Trass i alt dette avslutta han på noko over 38 minutt! Fostervold var i ein klasse for seg og gjennomførte denne løypa på 35.30, men noko meir realistiske 37.30 hadde plassert Rye-ryttarane blant dei ti beste. |
|
Gateritt |
Om mange var ferske på temporitt, var det vel mest skepsis i gruppa til å starta i gaterittet. Å sleppa feltet laus på ein teknisk rundbane på rundt 1800 meter kan nok for mange fortona seg som kaos. Det er det! Ut frå start blir det sprinta mot første sving, der alle skal pressa seg gjennom så godt dei kan. Nokre høgg inn bremsane for deretter å stå i bukken for å tetta luka ut av svingen. Dersom ein ikkje hevdar plass framme i feltet tar det ikkje mange rundar før dette tappar deg for krefter. I front går det noko jamnare, men like fullt fort. Gaterittet vart gjennomført med ein snittfart på over 47 km/t, og det med fire 90 graders svingar kvar runde. Andreas og Tore erfarte smerteleg at halen var alt anna enn ein taktisk plass å vera. Andreas stod av etter nokre rundar, Tore vart tatt ut etter ca. 40 minutt då teten var i ferd med å ta igjen gruppa han sat i. Terrengspesialistane Askild og Sten Are følte seg derimot langt meir heime blant tekniske svingar og tøffe linjevalg. Dei låg i fronten av feltet store deler av løpet, og plukka plasser i nesten kvar sving. Nokre stygge velt vart det dessverre i gaterittet, men Rye var ikkje innblanda i noko anna enn at Ole Jørgen vart hindra inn mot mål på den siste runden. Gateritt var ei fin erfaring å ta med seg, men absolutt ein disiplin ein må trena spesifikt på. Sten Are tok ein kjempeflott 12. plass, og var fint framme på fleire av dei innlagte spurtane. |
|
Fellesstart |
|
|
|
|
Klikk på bildet for større format! På bildet ser vi Tore Haslemo på fellesstarten. Foto: www.sykkelekspressen.no (Egil Mathisen). |
|
Totalt 16 mil skulle gjennomførast på fellesstarten søndag, 10 mil rundt Jæren og 8 rundar på 8 km inne i Sandnes. Hovedrunden gjekk med høg fart, og stadige rykk og bruddforsøk. Nydeleg ver og lite vind (til å vera ute i havgapet), gav flotte forhold for ritt. Inn i Sandnes vart rundane køyrd hardt, med strekk i feltet i den eine reelle bakken som var i rundløypa. Rye-syklistane hadde vore aktive heile dagen, viste seg med å vera med på nokre rykk og var kanskje litt ufrivillig "ute på tørk" i front av feltet nokre gonger. På det som i ettertid skulle visa seg å vera femte runde, men som for enkelte gjerne skulle vore sjuande var Rye stadig meir med. Dei siste passeringane i bakken hadde brakt fram heile laget til fronten av feltet. Der blei det utveksla dei "famous last words" innad i laget: Tore (forvirra): "Kor mange rundar er det igjen?" Sten Are (nesten like forvirra): "Æ trur det e to."
Etter litt lagtempo har Andreas og Tore luke, og resten av laget er i front av feltet. Andreas kjenner litt på krampene, og slepper seg bakover til feltet. Samtidig kjem ein Sparebanken Vest og ein Maxbo rytter hamrande opp frå feltet. På akkurat det tidspunktet virka det som ein god ide å vera med på bruddet. Neste gong Tore ser over skuldra er ikkje feltet å sjå, det er to betalte syklistar på hjulet og han høyrer speaker skrika at "bruddet ser sterkt ut og har fått en solid luke". Det siste stemmer forsåvidt, fordi resten av laget er i front av feltet og prøver å halda nede farten. Det einaste som legg ein liten dempar på gleda er at klokka ikkje ringer for siste runde. Det er langt igjen. I løpet av den neste runden går det ein velt som tar med Andreas, og hindrar Ole Jørgen så mykje at han mistar feltet. Andreas skrubba armen og trillar rundt den siste runden, Tore har krampar frå halsen og ned og Ole Jørgen kjem inn like bak hovudfeltet. Askild og Sten Are er som i gaterittet med i avslutninga, men kjem seg ikkje heilt fram i spurten. Alt i alt ei glimrande helg for jentene som dominerer dameklassen, og gutane som i løpet av helga har lært dett:
- Det er ikkje lov å kryssa midtlinja på vegen under temporitt (i alle fall ikkje når dommaren ser deg!)! - Studer løypeprofilen! - Legg deg for all del ikkje bak i feltet på gateritt!
Alle resultater på www.sykling.no.
Tore Haslemo
Oppdatert fra redaktøren: Sten Are som sykler i Rye NC var meget uheldig mandag 30. april. På en restitusjonstur i Maridalen veltet han og knakk lårhalsen. Forhåpentligvis kommer Sten Are snart tilbake på sykkelen. I mellomtiden ønsker vi ham riktig god bedring! |
|