Du er her

Rye har fått plass i Ringerike Grand Prix 4.-8. juni

Heile 30 lag frå 10 nasjonar har fått plass i årets utgåve av Ringerike Grand Prix. Fleire av etappane er lagt om, og det 180 mann store feltet skal i år starta frå Geilo.
 
Laguttaket er i gong, men dei seks Rye-ryttarane kjem først til å bli klare etter NC-runden på Eidsvoll (23.-25. mai). Femten utanlandske lag stiller til start, deriblant sterke kontinentallag som Sean Kelly (IRL), Team Designa Køkken (DEN), Glud & Marstrand Horsens (DEN) og Sparta Praha (CZE). I tillegg stiller alle dei beste norske laga opp.

Rye køyrde sterkt i fjor, og vart beste norske amatørlag (uten ryttarar frå andre klubbar). Det blir spennande å følgja laget inn mot Riperbakken i Hønefoss i juni, i kamp med lag frå heile Europa.