Du er her

NC Eidsvoll

Årets tredje Norgescup opna med 20 km tempo fredag kveld. Rye stilte med ti ryttarar på start, klare til å måla seg mot totalt meir enn 140 påmelde i herreklassa.
Les Tores rapport:

 

Tørr asfalt, ganske flat løype og berre litt vind gav gode forhold og varsla raske tider. Edvald Boasson Hagen stilte opp, men utan tempoutstyr måtte han sjå seg slått av gode gamle Geir Lien og Geir Inge Berg. Med tida til Lien å køyra på, visste me at det måtte gå fort denne kvelden: 24.45 tilsvarar 49 km/t i snitt. Ole Jørgen kom nærmast med 25:52, inn til ein sterk åttandeplass. Deretter kom dei andre med varierande grad av pigge bein, tempoutstyr og evne til å pina seg sjølv gjennom 20 km . Askild pumpa seg inn til 34. plass og Tore enda som nummer 42.

 

Laurdag var det rundbaneritt med seks flate rundar på 21 km . Kaldt regn prega dagen, og med det velta som dessverre oppstår. På førsterunden, midt utpå ei lang slette, deisar plutseleg 20 ryttarar i bakken. Eg kan berre sjå for meg gliset til sykkelprodusentane, der lyden av flisete karbon flerrar lufta. Sjølv måtte eg navigera mellom syklar og kroppsdelar som velta inn frå alle kantar rundt meg. Eg vinka til Leif Johnny som hadde tatt turen ut i myra for å landa mjukt, og hekta meg på nokre ryttarar på veg opp igjen til feltet. På radioen fekk eg med meg at dei fleste på laget låg framme i feltet (der ein strengt tatt bør vera plassert).

 

Fleire av oss prøvde å koma ifrå, men utan særleg hell. Askild rulla som vanleg opp for å lukta på sjansane for eit fint brudd, og etter nokre forsøk kom han seg ifrå. Både samansetning, antal ryttarar og samarbeidsevne er heilt avgjerande for om bruddet skal fungera. Bruddet til Askild var veldig sterkt, men inkluderte dessverre Fostervold. I utgangspunktet fint å ha norgesmesteren i tempo med, men så lenge han er farleg i samandraget vil det bli jobba hardt bak for å henta inn. Så eit par rundar før mål var feltet igjen samla, og det starta på nytt støting for å koma seg frå. Ein enkeltrytter (Bugge) kom avgårde, men feltet hadde kontroll og det tyda på samla spurt. Opp av hatten støtar plutseleg Stig seg frå feltet saman med fem andre. Feltet nøler og andre held igjen farten i feltet og dei seks kjem seg opp til Bugge. Avstanden held inn mot mål, men Bugge svarar sterkt med likevel vinna spurten frå dei som kom opp. Stig blir nummer 4! Steffen var derimot ikkje like heldig med dagen, då me kom i mål såg me resultatet hans av den omtalte velten: Begge gaffelbein knekt, skada ramme, Zipphjulet redusert til dyr veggpynt, men Steffen like heil.

 

Søndag gjekk fellesstarten til Hurdal, Minnesund, over Minneåsen og tilbake til smårundar rundt Letohallen. Mange venta nok at det skulle skje ting i Minneåsen og feltet lot det gå eit lite brudd før tempoet gjekk ned. Fleire ryttarar kom seg ifrå, men dessverre fekk ikkje Rye nokon med. Leif Johnny prøvde å gå opp åleine, men vart henta på veg inn i bakken. Minneåsen er ca 4 km lang og stig over 300 høgdemeter. Feltet banka inn i bakken med full fart, og splitta opp feltet i mange mindre grupper. På flatane nede i Hurdal igjen var det ikkje vilje til å køyra og feltet samla seg, bruddet hadde no 3:30 og talte sju ryttarar. Ny tøff bakke, men det samme skjedde igjen og feltet samla seg etter bakken. Fleire av dei store klubbane hadde folk i brudd, så denne gongen måtte rulla til Rye organiserast for å henta inn differansen. Veldig god innsats frå oss, etterkvart med litt hjelp frå to andre klubbar skrumpa avstanden til bruddet ned til under eit minutt. Fellesstarten vart avslutta med 5 rundar på 8 km , med stigning opp mot passering. Feltet auka farten for kvar runde og bruddet blei tatt igjen eit stykke før mål. Eit par av oss måtte ”legge inn lårene” mot slutten, men Askild, Stig og Ole Jørgen hadde spart bra med krefter til avslutninga. Etter å ha blitt sperra i dei to siste svingane før mål kjem Ole seg opp og tar 10 plass på søndag. Totalt ein glimrande 6. plass for helga.

 

Fortsatt ikkje pallplasseringar for Rye, men me jobbar stadig betre saman og har folk med blant dei 5-10 beste kvar gong. No blir det spennande å sjå kva me kan prestera på internasjonalt nivå: UCI Rogaland og Ringerike Grand Prix står på programmet dei neste to vekene.