Du er her
Mental makt
av Tore Haslemo |
Ved ein spurt er det stort sett fysikken som begrensar prestasjonen, men kva med ein konkurranse som går over fleire timar? Kva tid klarer du ikkje lenger å henga på gruppa di? Kva tid slepp du hjulet eller bakskia til den før deg i løypa. Ein klarar jo alltid litt til… Birkebeinarar legg mykje innsats ned i fysisk trening, utstyr og førebuingar. Mental styrke er det ikkje like lett å ta tak i, men like fullt ein viktig del i det å prestera. To personar som eg har hatt gleda av å trena med har imponert meg med sin mentale styrke. Helge Refsum, tidlegare landslagsroar, har 18 startar og like mange merke i Birkebeinerrennet. Han har uttalt noko som oppsummerer kva ein kan få kroppen til å gjera. Inn mot målgong mista han ein gong fargesynet, det tenkjer eg på når eg føler at eg har tatt ut alt. Den andre er Henning Sørum som har fullført Den Store Styrkeprøven 29 gonger og sit på ei rekkje rekordar og ufattelege prestasjonar. Henning har brukt under fem døgn på å sykla Nordkapp-Lindesnes, og hadde truleg tvert sagt ja om nokon hadde spurt han om å vera med å slå den rekorden. Kvifor utkonkurrerer Helge og Henning topputøvarar som er ein heil generasjon yngre enn dei sjølv i konkurranse, sjølv om dei slit med å henga på dei same utøvarane under intensiv trening? Svaret sit nok i like stor grad i hovudet som beina. Den største utfordringa er å kjenna seg sjølv. Om ein ikkje har testa grensene sine godt nok, kan det vera vanskeleg å henta ut kapasiteten sin i konkurranse. Ein blir usikker når pulsen brått er mykje høgare enn på trening, men einaste måten å finna ut kva ein toler er å prøva. På sykkel er det i dei lettare partia mange tapar tid. Du har sikkert teke deg sjølv i å totalt ha mista fart og fokus, og er du åleine i løypa kostar det deg mange minutt i kamp mot merket. Bruk derfor konkurrentane rundt deg, i ei gruppe kan ein vekselvis både bruka og hjelpa kvarandre. Lagkonkurransen i Den Store Styrkeprøven er kanskje kroneksempelet på dette, og som del av Expresslaget til Rye har eg fått oppleva dette samhaldet. Sterkare lagmoral tvilar eg på at eksisterer nesten uansett idrett, og dette er truleg det viktigaste våpenet Rye har hatt i suksessen det siste tiåret. Ein byggjer samhald i gruppa gjennom nesten eit år med trening, og på start i Trondheim dannar dei 30 ryttarane eit unikt maskineri. Alle jobbar for fellesskapet, og kvar enkelt veit at når ein er med på laget har ein både kapasitet og plikt til å bidra. Kvar ryttar blir del av noko større, og det fritar ein samstundes litt frå å fokusera på seg sjølv. I tunge periodar ser ein at alle andre dundrar vidare mot Oslo, og då er det berre å gjera det same. Ti minutt seinare er du ein av dei som held marsjfarten for nokon andre. Mentaliteten er så sterk at folk bidrar for laget til beina ikkje lenger går rundt, og veit at deira bidrag var viktig for at laget kom i mål sjølv om dei sjølv ikkje gjorde det.. Diktet under er frå Olav H. Hauge, det oppsummerer både det å konkurrera med seg sjølv og andre. Bruk konkurrentane dine som hjelp, for sjølv om du ikkje er del av noko lag på Birkebeineren, har du likevel same mål som alle rundt deg. Samarbeider du med andre får du farten til storskridaren, med eiga takt. Hugs, så lenge du har fargesynet har du mykje å gå på. Du startar i lag med storskridaren. Du veit du kan ikkje fylgja han, Men du legg i veg og brukar all di kraft og held lag ei stund. Men han glid ifrå deg. glid ifrå deg, glid ifrå deg – snart er han heile runden fyre. Det kjennest litt skamfullt med det same, Til det kjem ei merkeleg ro yver deg, kan ikkje storskridaren fara! Og du fell inn i di eiga takt og kappstrid med deg sjølv, Meir kan ingen gjera. |