Du er her

Sesongstart i skigruppa

Espen M. Christoffersens bilde

Sjølv om det fortsatt er varme fine dagar innimellom er sommaren unektelig over. Birkebeinerrittet er unnagjort og mange har bytta ut sykkelen med joggesko for å forberede seg til Birkebeinerløpet.
 
Så er også tilfellet i Skigruppa, og det betyr at det er på tide å dra i gong barmarkstreningane for å legge grunnlaget fram mot vintersesongen.
 
Som tidligare år holder vi fast ved dei rolige langturane på sti i Lillomarka og omegn i helga, og første økta blir førstkommande laurdag 12. september. Oppmøte kl 10 på Langsetløkka.
Dette er rolige turar som passar for alle med kontrollert skigang i bakkane. No i starten vil vi holde lengda på turane litt nede for å få i gong musklaturen.
 
Langsetløkka er også arena for avslutningsrittet i Nissan Cup denne dagen, så dei som kjem med bil må nok belage seg på å parkere litt unna.
 
Vi vil komme tilbake med meir informasjon og oversikt over fellestreningane utover hausten litt seinare.
 
For Skigruppa
Espen Christoffersen

Relaterte artikler: 
Gruppe: 
Synlig: 
Offentlig - alle kan lese

Kommentarer

Espen M. Christoffersens bilde

Godt oppmøte med 13 friske fjes og ein flott tur i haustsola gjennom Lillomarka. Turen målte 16km på 2t10min og tempoet var ikkje høgare enn at praten gjekk frå start til slutt.

Veldig hyggeleg å sjå både gamle og nye fjes. Håpar enno fleire henger seg med ut over hausten.

 

Sporlogg: