Du er her
Expresslaget med solid seier i Mjøsa Rundt
-Expressen er i rute mot Trondheim-Oslo
Rye gjennomførte eit veldig bra ritt rundt Mjøsa søndag, Expresslaget vann med 05 timar 14 minutt og 15T-laget er berre halvminuttet bak BOC i kamp om tredjeplassen i lagkonkurransen. Kapteinane fekk testa ut forskjellige strategiar, og ryttarane hadde ein siste sjanse til å visa seg fram i konkurranse før laguttaket denne veka.
Det var stort sett gode forhold, og ut fra start gjekk det friskt: 48 km var tilbakelagt første time, og ved passering Lillehammer hadde rulla gjort unna 46 km/t i snitt. Nokre byger og mykje vind på austsida av Mjøsa hindra nok ny rekord. Eit solid støtteapparat sørga for at XP hadde det som måtte til av mat, drikke og assistanse. I år hadde me også med Tor Amundsen som fotograf, og han har sendt oss eit knippe bilete frå turen.
Hard opning, men formasjonen i laget fungerer stadig betre.
Per Christian får påfyll av drikke i bakken etter Gjøvik.
Knallsterk nykommar og knallsterk veteran i Expresslaget: Stilstudie av Steinar og Fred Magne
Martin, Andreas og Ketil gjer jobb i rulla
Frode kontrollerer farten opp siste bakken før Brumunddal
Slagordet til RedBull "gives you wings" var vel betegnande for både Bernt og resten av gjengen.
Rune Morten rundar i front opp mot Minnesundbrua, legg forøvrig merke til grimasene til Glenn på dei siste tre bileta (lov å vera sliten etter 15-20 mil)
Ole Petter og Rune drar opp siste kneika før Minnesund.
Fred Magne blir intervjua av speaker.
Velo Club Zonkolan anført av Carl Erik kom inn 7 minutter bak expresslaget, det blir ein spennande duell frå Trondheim-Oslo
Andreas oppsummerer dagen, og gir dei siste treningsinstruksjonane for dei to siste viktige vekene.
- Bloggen til Tore Haslemo
- Logg inn for å skrive kommentarer
Kommentarer
Bilder Mjøsa rundt
Bildegalleri finne du her
Bjørn Saksberg
Leder av ressursgruppa XP