Du er her

Ny sykkel - 26" eller 29"

Forum: 

Hei,

Trenger litt "uavhengige" råd her.. :-)

Skal kjøpe ny sykkel, og står mellom Scott Scale 10 og Trek Superfly Elite. Scotten er jo 26", mens superflyen er 29". Noen mener at man bør være minimum 1.85 høy for at det skal være gunstig å gå over på 29", mens andre mener dette ikke har noe å si. Har hørt mye bra om 29er og har såvidt forsøkt på asfalt hvor jeg satt igjen med en positiv feeling.

Så hva velger man?

Tore Haslemos bilde

Eg veit ikkje om nokon som har gått tilbake til 26" etter å ha prøvd 29", synes det er eit greit argument. Likevel vil dette spørsmålet vera avhengig av kva slags sykling du likar. 29" glitrar som mest når det er ujamnt og slagete, på grus er det ikkje stor forskjell. Scale 10 vil bli noko lettare, og har mindre roterande vekt, så den vil kanskje følast kvikkare i aksellerasjon.

Den største forskjellen for min del er at eg er mykje tryggare i rufsete terreng på 29", hindringar som nesten kunne kasta meg av med 26" flyt eg langt meir komfortabelt over no. Eg går inn i femte sesong på 29", og har hatt både hardtail og fulldempar. Eg er nesten to meter, men argumentet med at det berre er dei >185 som har glede av det trur eg er tull. Det er fleire profesjonelle damer på rundt 1.60 som vel å bruka 29" frå sortimentet heller enn 26" (både Trek/GF og Specialized).

Etter ein del sesongar så blir utvalet av komponenter stadig betre, og noko av ryktet til 29" som tung og treg blir viska ut. Tyskland og kontinentet har også for fullt oppdaga 29er, det betyr nok ytterlegare utvikling av spesifikke komponentar (dekk, felgar, gaflar).

Prøv å låna ein 29er for tur i terrenget! Lykke til med kjøp.

Tore