Lørdag 7.september avholdes årets klubbmesterskap på landevei.
Øvelsen er individuell tempo i Maridalen.
Du er her
Ole Jørgen Braathen til topps i Herefoss Rundt 2008
Ole Jørgen bekrefta den sterke køyringa frå sist helg då han 2. pinsedag vann turrittet Herefoss rundt i Arendal. |
Det 14 mil lange rittet samla 135 ryttarar inkludert det meste av eliten frå Sørlandet, blant anna eliteryttarar frå Kristiansand (KCK), Team Skagerak og Grenland. KCK stilte med 10-12 ryttarar som skifta på å støyta frå start. Ole Jørgen vart med på nokre av bruddforsøka, men måtte konsentrera seg om å nøytralisera, eller bli med på, dei farlegaste brudda frå denne gruppa. Inn i første stigning sette Ole Jørgen fart og reduserte feltet til tolv ryttarar, og vidare til fire ryttarar i neste stigning. Geir Bisgård, Thomas Andersen og ein KCK-ryttar sat igjen. I motvind vart det jobba for å halda hovudfeltet på avstand. Geir Bisgård rykka i siste bakke, og berre Ole Jørgen klarte å henga på. Etter litt psykologisk krigføring inn mot spurten starta Ole Jørgen 400 meter frå mål og hekta av Bisgård. Ole Petter Storstad som køyrer med Expressen i år vann også sin klasse i rittet! Se resultatene her: http://www.arendalcc.com/images/stories/pdf/herefoss_rundt2008.pdf |
Groups audience:
Group content visibility:
Offentlig - alle kan lese