Du er her

Expresslaget med solid seier i Mjøsa Rundt

Tore Haslemos bilde

-Expressen er i rute mot Trondheim-Oslo

Rye gjennomførte eit veldig bra ritt rundt Mjøsa søndag, Expresslaget vann med 05 timar 14 minutt og 15T-laget er berre halvminuttet bak BOC i kamp om tredjeplassen i lagkonkurransen. Kapteinane fekk testa ut forskjellige strategiar, og ryttarane hadde ein siste sjanse til å visa seg fram i konkurranse før laguttaket denne veka.

Det var stort sett gode forhold, og ut fra start gjekk det friskt: 48 km var tilbakelagt første time, og ved passering Lillehammer hadde rulla gjort unna 46 km/t i snitt. Nokre byger og  mykje vind på austsida av Mjøsa hindra nok ny rekord. Eit solid støtteapparat sørga for at XP hadde det som måtte til av mat, drikke og assistanse. I år hadde me også med Tor Amundsen som fotograf, og han har sendt oss eit knippe bilete frå turen.

Hard opning, men formasjonen i laget fungerer stadig betre. 

 

 

Per Christian får påfyll av drikke i bakken etter Gjøvik.

Knallsterk nykommar og knallsterk veteran i Expresslaget: Stilstudie av Steinar og Fred Magne

Martin, Andreas og Ketil gjer jobb i rulla

Frode kontrollerer farten opp siste bakken før Brumunddal

Slagordet til RedBull "gives you wings" var vel betegnande for både Bernt og resten av gjengen.

Rune Morten rundar i front opp mot Minnesundbrua, legg forøvrig merke til grimasene til Glenn på dei siste tre bileta (lov å vera sliten etter 15-20 mil)

Ole Petter og Rune drar opp siste kneika før Minnesund.

Fred Magne blir intervjua av speaker.

Velo Club Zonkolan anført av Carl Erik kom inn 7 minutter bak expresslaget, det blir ein spennande duell frå Trondheim-Oslo

Andreas oppsummerer dagen, og gir dei siste treningsinstruksjonane for dei to siste viktige vekene.

Gruppe: 
Synlig: 
Offentlig - alle kan lese

Kommentarer

Bjørn Saksbergs bilde

Bildegalleri finne du her

Bjørn Saksberg
Leder av ressursgruppa XP